Rockefeller, John Dee, Sentrum Scene Logo
Side Brok
Dato
Fredag 12. september 2025
Scene
Sentrum Scene
Pris
NOK 450 + avg.
Dører
17:00
Aldersgrense
18+
hiphoprap

Side Brok feirar 25 år med ny plate og miniturné!

Hiphop-gruppa frå Hovdebygda slo for alvor gjennom i 2004 med hits som «1, 2, 3, fyre» og «Rist med raua» frå den Spellemann-nominerte debutplata «Høge brelle». Same året vann dei NRK P3s Urørt-konkurranse og VGs pris for beste liveband på by:Larm. Sidan har dei gitt fleire album, singlar og mixtapes.

Det er 12 år sidan førre album, og no har Side Brok gjort det einaste rette og laga eit heilt album i lag med gruppas gode ven – og din favorittbonde, Sirkel Sag. «All verda» er ute i september.

På scena er Side Brok som dei alltid har vore: Eit stort, tight og leikande band som blandar reggae, jazz, funk og disco i miksen. Ein Side Brok-konsert er alltid ein fest og ei hylling av livet, musikken og kjærleiken. Det er ikkje alltid så lett å vite kva som er kødd og kva som er seriøst. Men alt er sant.

Ingen veit kor lenge Side Brok vil halde det gåande, men dei lovar at ein eventuell avskjedsturné aldri vil verte annonsert. Som Sjef R sjølv rappar på den komande plata: «me gjer dette her så lenge det er kjekt / og så plutseleg ein dag så er me berre vekk».

--

Bill. kr. 450,- + bill.avg.

18 års aldersgrense med legitimasjonsplikt. Ingen vergeordning.

Billetter gir tilgang til både ståplasser i hovedsal samt unummererte sitteplasser på galleriet, tilgjengelig etter først til mølla-prinsippet.

Dørene åpner kl. 19.00. Arrangementet starter ca. 1 time etter dørene åpner. NB! Det anbefales å komme i god tid før arrangementet starter da det kan bli kø.