Det er 26 år sidan Side Brok vart danna. No feirar dei eittårsjubileet til albumet All verda med å leggje ut på ein aldri så liten turné. Sidan i fjor har singelen «Esso» rukke å bli ein moderne klassikar i Side Brok-universet, og bandet har spelt utselde konsertar i Oslo, Bergen og Ålesund – mellom anna.
Rett etter at dei sleppte singelen «Kjærleik er kjærleik» i juni, stod dei på scena framfor eit mildt sagt ekstatisk publikum på Bergenfest. Bygdalarm og Balestrand Badeklubb var naturlege stopp på vegen, før festivalsommaren fekk eit verdig punktum på sjølvaste Jugendfest.
No er bandet klare for ein ny runde, og i haust legg Side Brok ut på turné. Rabalderet kjem til Sentrum Scene i Oslo fredag 20. november!
Side Brok vart danna i 2000 og gav ut debuten Side Brok EP i 2002. I 2004 kom albumet Høge brelle, Årets Urørt, by:Larm-kaos og Spellemann-nominasjon. Sidan har dei halde det gåande med album, EP-ar, mixtapes og periodar med intens turnéverksemd. All verda er album nummer fem frå Side Brok-leiren og kom òg på LP.
--
Bill. kr. 490,- + bill.avg.
18 års aldersgrense med legitimasjonsplikt. Ingen vergeordning. Gyldig legitimasjon er fysisk nasjonalt ID-kort, pass, fysisk førerkort eller bankkort med bilde. Digital legitimasjon (digitalt førerkort eller Bank-ID) eller bilde av legitimasjon er ikke gyldig legitimasjon.
Billetter gir tilgang til både ståplasser i hovedsal samt unummererte sitteplasser på galleriet, tilgjengelig etter først til mølla-prinsippet.
Dørene åpner kl. 19.00. Arrangementet starter ca. 1 time etter dørene åpner. NB! Det anbefales å komme i god tid før arrangementet starter da det kan bli kø.

